Escape Rooms / utbrytarrom i One Note og e-kurs om digitale reiskap i undervisning

Ferdige opplegg i One Note og e-kurs om korleis du kan ta digitale reiskap i bruk i di undervisning. Nye utbrytarrom kvar mnd!



Opprett ein konto konstnadsfritt

Utbrytarrom/Escape Rooms i One Note

Kven likar ikkje eit morosamt utbrytarrom? Det har lenge vore i underhaldningsbransjen, men kvifor ikkje i undervisning? One Note utbrytarrom er ein virtuell rømning der elevane interagerar med ei historie og må løyse oppgåver for å kome seg vidare i historia.

Med utbrytarrom kan elevane kollaborere, tenkje kritisk og kreativt eller kommunisere i lag for å løyse oppgåver for å spelbar læring. Alle utbrytarromma vi lagar er bygd opp etter kompetansemål frå Fagfornyelsen. Ved siden av å vere svært faglege, opplever elevane det som spennande og morosamt, samtidig som det er lærerikt. Perfekt for å la elevane vise kva dei kan!

Alle kursa inneheld video om korleis du lastar dei ned, opnar opp fila og deler. Einaste spesifikasjonen du treng å tenkje på er at du har ein Windowsmaskin med lisensiert (betalt) versjon av One Note på.

Denne kursportalen

- inneheld diverse utbrytarrom som eg sjølv har brukt. Det er tidkrevjane å lage då eit rom fort tar 4-6 timar å lage, men gir eit enormt utbytte. Derfor ynskjer eg å dele dei med deg.

I tillegg ligg det videoar om korleis du kan kome i gong med digitale reiskap i di eiga undervisning.