E-kurs: Skulepakke med grunnleggande OneNote og TEAMS

For tilgong til fleire på same tid, ta kontakt på [email protected] først.

Prisen oppgitt er for å kjøpe ut kurset med ein brukar uten oppfølgingswebinar. Ynskjer du faktura med tanke på MVA, send e-post til [email protected] i staden for å trykke på kjøp, så lager vi faktura og sender tilgong til e-kurset.


Ynskjer ein tilgong til alle i personalgruppa og oppfølgingswebinar er totalpris: 7000 kr eksl. mva. Ta kontakt på e-post først på [email protected]

Dette er inkludert i full pakke:

  • Ei gratislenkje til alle tilsette
  • 1 til 1,5 timar med oppfølgingswebinar
  • Tilgong i 14 mnd etter første innlogging. Orsaken er at vi ynskjer at alle skular skal ha mulighet til å ta temaet opp med nytilsette neste skuleår.

Tips til gjennomføring:

  • Sett eit tidspunkt 3 veker fram i tid der alle skal ha vore gjennom materialet.
  • Sett av tid på utviklingsmøte der ein får reflektert i lag omkring refleksjonsspørsmåla som kjem i løpet av kurset.
  • Vi har dialog undervegs. Det er alltid positivt om det blir formulert nokon tankar etter utviklingsmøte om kva utbytte ein ynskjer å få ut av oppfølgingswebinaret. Det dukker som regel opp noko når ein har gjennomført som over. Slik kan dåke få mest mogleg utbytte.
  • Vi tilrår at vi har oppfølgingswebinar i løpet av dei neste fem til seks vekene for å ha mest mogleg utbytte.


Din instruktør


Endre
Endre

Eg er utdanna lærar. Har arbeida på grunnskulen siden 2012. Jobber no som digitalpedagog i skulen og kreativ pedagog i kulturskulen. Målet er å skape ein fagleg stad for alle pedagogar som ynskjer å bruke utbrytarrom i One Note og lære å bruke digitale reiskap i eiga undervisning

Lager gjerne utbrytarrom eller e-kurs etter ynskje, send meg ein mail på [email protected]


Innhald



Ofte stilte spørsmål


Eg ynskjer ein tradisjonell faktura, med MVA. Korleis får eg det?
Ta kontakt med meg på [email protected] Frå der finn vi ut korleis dåke kan få best mogleg utbytte. Endre Praksis AS oppretter ein faktura, med MVA. Etterpå mottar du ein 100% avslagskupong frå Endre Praksis.
Korleis kan alle få tilgong?
Etter at du har sendt e-post til Endre Praksis og det er oppretta faktura får du ei lenkje der kurset er gjort tilgjengeleg til så mange som du ynskjer. Denne lenkja deler du med dei tilsette, som logger inn og ser kurset, kostnadsfritt.
Kor lenge har eg tilgong?
Kurset du har kjøpt vil du alltid ha tilgong til i 14 mnd. Det fine med det er at når du får nytilsette så kan dei oppdatere seg ved e-kurset. Slik skaper du ein lærande organisasjon med mindre skjult kunnskap.
Kva om eg er missfornøgd?
Ta gjerne kontakt om det er innhald som mangler, så lager eg innhaldet og legg det inn om det er ynskjeleg.
Er det noko anna inkludert i prisen enn e-kursa?
Ja, om du vel pakke får alle tilsette gratislenkje til kurset og 1-1,5 timar med webinar til oppfølging. Tilrådd bruk er å bestille kurset på førehand, gi til alle dei tilsette. Etter eit par veker, når alle har vore gjennom e-kursa arrangerer vi eit webinar til oppfølging. På denne måten er alle førebudd og klare til å få best mogleg utbytte og utvikling. Omvendt undervisning rett og slett.

Kom i gong no